Får to millionar kroner i støtte til utvikling av IKT-verktøy

Helse Vest RHF sin OFU-partnar*, Dossier Solutions AS, får to millionar kroner i støtte frå innovasjon Noreg for å vidareutvikle Kompetanseportalen.

Kompetanseportalen er eit verktøy for leiarar og tilsette i helseføretaka og er utvikla i eit samarbeid mellom Helse Vest og Dossier Solutions AS. Ei generell innføring og opplæring i alle delar av Kompetanseportalen starta i 2008 og er innført avdelingsvis i alle føretaka i løpet av 2009.

Nye krav til leiarrolla, stadige endringar i kompetansebehovet og auka dokumentasjonskrav til sjukehusa skaper behov for utvikling av betre prosess- og systemstøtte, både for leiarar og medarbeidarar. På grunnlag av dette blei det søkt om midlar frå Innovasjon Noreg.

Balansegangen mellom sentral standardisering og lokale tilpassingar av prosessar og systemstøtte, er ei av problemstillingane som skal undersøkjast nærmare. Studier av leiarane sin kvardag skal gi ny innsikt i korleis prosessar og system kan lagast på ein betre måte.

- Når kartleggjinga er fullført vil leiarane i føretaka til ei kvar tid ha oversikt over kvalifikasjonane til dei tilsette. Dermed blir det lettare å setje saman team med riktig kompetanse, samtidig som medarbeidarane sjølve har betre oversikt, seier personal- og organisasjonsdirektør i Helse Vest RHF, Hilde Britt Christiansen.

Ho er nøgd med at Helse Vest no kan vidareutvikle det som er eit av Nordens største OU-IKT prosjekt, målt i pengar og aktuelle medarbeidarar.

Forskingsprosjektet vil vare fram til sommaren 2012, og førebuingane for oppstart av prosjektet er allereie i gang. Resultata frå forskinga vil bli gjort synlege både gjennom publikasjonar og konferansar.

* OFU=  Offentlege forskings- og utviklingskontraktar

(Pressemelding 10 desember 2009, www.helse-vest.no)